– Dette handlar om tru, seier arkeologen bak funnet av klemenskyrkja i Trondheim. Men den katolske soknepresten i byen er septisk til oppdaginga.
«Velkomen til Klemenskyrkja», seier arkeolog Anna Helena Petersén og smiler mot følgjet på ti personar frå byantikvaren, som er på omvisning i teltet på Peter Egges plass i Trondheim.
Rundt henne står seks arbeidarar. Nokre noterar, andre tek bilete. Somme ligg på kne og børstar, grev, studerer. Regnet trommar lett på teltduken.
Bak Petersén heng eit skilt der det står NIK– Norsk institutt for kulturminneforsking. Med ein gammal vegstikke i handa viser ho fram det ho og resten av teamet har grave fram, som har skapt stor interesse dei siste vekene: Kyrkja der Olav den heilage vart lagt eitt år etter hans død.
Vårt Land, november 2016.