Den skamløse tigginga

Dei siste ti åra har bybildet i dei fleste større byane i Noreg endra seg drastisk. På fortau og gatehjørne sit middelaldrande kvinner i skjørt og skaut med ein pappkopp og eit bilde av barn og barne­barn dei må forsørgje i heimlandet.

Ein rumensk tolk omset for oss, for Daniela Vilceanu snakkar ikkje engelsk. Ho fortel at ho har reist hit utan familien sin, tre barn og seks barnebarn heime i Romania. Familien er heilt avhengig av pengane ho kan sende heim, og arbeidsdagen på gata i Oslo sentrum startar tidleg.

– Eg står opp kl. 06.30 og prøver å sjå om eg kan finne meg ein kopp kaffi. Så går eg til plassen min, og sit der så lenge eg klarer. Eg må opp og gå ofte, fordi eg har diabetes, men prøver å tigge heile dagen.

På spørsmålet om korleis ho blir behandla av nordmenn, svarer Daniela Vilceanu at mange er snille, somme er slemme.

– Det er deira land, så det må vi berre tole, seier ho.

Men ho er lei seg for at ho ikkje får formidla si historie.

– Når eg er oppe og går på grunn av diabetesen, er eg redd for at folk skal tenkje at eg ikkje eigentleg er i naud. Eg får ikkje fortalt at eg er sjuk. Kor dyrt det er med medisin. Eller kor tøft det er å sitte her på gata og tigge.

For Vårt Land, mai 2017. (Tekst: Runa Kvalsund)

—————————————————————————————————————————————————

Kommuner forbyr tigging, innfører registreringsplikt og bruker vektere mot «aggressiv» pengeinnsamling.

– Hvorfor? Jeg spiller bare for mine to barn og min far som er syk. Alt jeg tjener sender jeg hjem til dem. I Norge kan jeg tjene penger, i Romania får jeg ingenting.

Ion sitter på en campingstol i Oslo sentrum. Han har trukket under tak. Mai kom ikke skjønn og mild. Ion prøver å lyse opp regndagen med lystige trekkspillåter.

Nå gjør kommune etter kommune det vanskeligere å være tigger. I Sola vedtok formannskapet tirsdag et tiggeforbud. Os følger snart etter. I går kveld behandlet Levanger et forslag om å innføre forbud. I Oslo vil byrådet regulere tiggingen.

For Vårt Land, mai 2017. (Tekst: Bjørgulv Bjåen)